Spørreundersøking om framtidas hytte, korleis skape ei hyttebygd med nye uttrykk og låge avtrykk i Bortelid?

Spørreundersøking om framtidas hytte, korleis skape ei hyttebygd med nye uttrykk og låge avtrykk i Bortelid?

Kva tenker unge vaksne om hyttebygging? Er hytter viktig eller unødvendig?

Åseral kommune jobbar med denne problemstillinga og ønsker svar frå deg på kva DU meiner er viktig.








Svar på spørreundersøkinga om ei drømmehelg på hytta og bli med i trekning av:

·Ei hyttehelg i leilighet i Bortelid med vennene dine

·Gåvekort på dagskort på Bortelid skisenter

·Gratis utlån av frisbee, sykkel og kano ei helg i Bortelid


Svar på spørreundersøkinga her: DIN DRØMMEHYTTEHELG I BORTELID


Lurer du på noko, eller har ein god ide, ta gjerne kontakt med oss!

Kari.Roynlid@aseral.kommune.no

Korleis skape ei hyttebygd med nye uttrykk og låge avtrykk i Bortelid?

Åseral kommune deltek i prosjektet GNIST som brukar innovasjonsdesign og arkitektur for å finne nye måtar å bygge ut på.
Vi har fått med oss arkitektfirmaet Lundhagem i prosjektet. I tillegg er utmarkslaget i Bortelid sentrale samarbeidspartnarar.
Kan vi få til ei usynleg utbygging, i uttrykk og avtrykk, med mest mogleg inngrepsfrie løysingar?
Ei naturtilpassa utbygging med både identitet og moderne uttrykk?




BLI MED PÅ Å FINNE GODE LØYSINGAR I BORTELID DEN 2. SEPTEMBER 2022:

Denne dagen er vi ute i felt og ser vi på nokre konkrete utbyggingsområde i Bortelid, drøftar moglege løysingar, lagar prototypar på hytter, luftar nye idear og diskuterer kva som kan fungere og ikkje.

Det er mogleg å delta på deler av dagen.

 

Foreløpig program:

  • Introduksjon til GNIST og utfordringa – Åseral kommune

  • Kven er vi og kva idear har vi? – Lundhagem arkitektfirma

  • Ut i felt – sjå på konkrete forslag

  • Lunsj

  • Ut i felt – drøfte problemstillingar

  • Oppsummering – mingling